Senjamållaget med Hallgrim Berg i Botnhamn

Av | 12. oktober 2019

Flg bulletin mottatt fra Senjamållaget:

Kultur- og humorkveld i Botnhamn fredag 25. oktober

Arrangør: Senjamållaget i samarbeid med Botnhamn Bygdesamling. Tilstelninga er i bygdesamlinga sitt hus.

Innleiing: Den kjente politikaren, forfattaren, folkemusikaren og humoristen Hallgrim Berg, innleiar kulturkvelden med munnharpa og seljefløyta.

Kåseri 1: Så vil dotter hans, førsteamanuensis ved UiT Sigrun Høgetveit Berg kåsere om Tørrfiskhandelen i LoVeSe i middelalderen. Fiskeria her skapte stor rikdom, som blei henta ut av området, og innanfor kyrkja blei det så stor strid om inntektene frå Noregs rikaste prestegjeld at paven i Roma måtte gripe inn. I det seinare dobbeltmonarkiet Danmark-Noreg utgjorde fisket i LoVeSe (seinare med påskøyt av finnmarksfisket) 80 % av eksportinntektene.

Mellomspel: Steinar Nymo vil så fortelje litt om Senjamållaget si korte historia, og Kjetil Renland om sølvskatten, gulløksa og Botnhamn bygdesamling.

Kåseri 2: Etter ein kort pause vil Hallgrim Berg kåsere om «Kva er humor» med sanne soger frå si tid på Stortinget.

I fri dressur: Etter ein kopp kaffe eller så blir det «lygarkveld» med ymse bygdeskrøner servert av Hallgrim Berg og Egil Johansen.

I pausane er det sal av bøker, forfriskingar og kaffe/vafler. Siste er inkludert i inngangspengane.

Kultur-/humorkvelden startar kl 1900. Påmelding ved å sende inngangspengane, 150 kr per person, til Senjamållaget sin bankkonto 4776.18.95865 eller VIPPS-nr #529455, med namnet ditt i tekstfeltet.

Ver ute i tide: Talet på plassar er ikkje særlig stort, så vi må bruke «først-til-mølna-prinsippet».