Kommunen overtar privatarkivet etter Hans Kr Eriksen

Av | 28. september 2019

Etter henvendelse fra familien, har Tranøy kommune svart at dem stille seg positiv og takke ja til tilbudet om overtakelse av privatarkivet etter Hans Kristian Eriksen.

I brevet til familien skriv Linda Andreassen på vegne av kommunen:
– Som Arkiv Troms uttaler seg så fint «det vil være en kultur- og naturhistorisk skatt for hele Senja».
Ho skriv videre  at Tranøy kommune e stolt over det arbeid som Hans Kr. Eriksen har produsert gjennom en rekke årtider.

Arkivet vil etter overtakelsen bli overført til Arkiv Troms for ordning og tilgjengeliggjøring for allmenheten.
Tranøy kommune foreslår at overtakelsen finner sted innen årskiftet, og det foreslås at det kan være en mulighet at familien foretar en symbolsk overrekkelse i forbindelse med kommunestyremøte 29. oktober 2019 på Stonglandseidet.

En tanke om “Kommunen overtar privatarkivet etter Hans Kr Eriksen

  1. oddvar støme

    Eg kjente Hans Kristian heilt frå folkeskule-dagane og frå opphaldet på Kiberg Internat. Vi gjekk saman på Svanvik folkehøgskule, Finnsnes og Trondarnes folkehøgskule, Harstad. Før lærarskulen var vi og på eit 8 vekers trimmingskurs på Fredeheim folkehøgskule på Sørhelgeland. Berre 17 år gamle kom vi inn på lærarskulen i Tromsø. Og etter 4 år var vi ferdig uteksaminerte lærarar. Det var heim vi sjøfolk skulle, kvar gong vi drog ut på reis, Seier Nordahl Grieg ein stad. Men no hadde Hans Kristian funne seg ei vekja ute frå Senja, og dermed vart han øyfast!. Hans Kristian var eit skulelys frå 1. klasse, og i tillegg hadde han ein enorm arbeidskapasitet. Ut av alt dette kom det etter kvart det eine bokverket etter det andre. Han elska å skrive ned alt det som røyrde seg rundt han, og etter kvart tok han del i og sette sitt avtrykk på dei fleste andre kulturaktivitetar i nord. Det gleder meg at Tranøy kommune kan få take over det rikhaldige arkivet etter ein åndskjempe som Hans Kristian!

Det er stengt for kommentarer.